Lorentz Larsen Skorpen

The information on registered seafarers is not in all cases complete. As new sources are studied, information on engagements and medals etc. will be added to some of the already registered seafarers.

Date of birth

June 21, 1894

Date of death

September 19, 1980

Gender

Male

Nationality

Norway flaggNorway

Birthplace

Skorpa

County

Møre og RomsdalHordaland/Bergen

Other

  • Participant in WW2
  • Bergens Tidende, 20. mai 1974:

    Gift med: Ambjørg Skorpen (f. 21. februar 1900, d. 1974).

    Firda Folkeblad, 21. juni 1979, s. 2:

    "Idag den 21. juni fyller krigsseglaren skipsførar h.v. Lorentz Skorpen 85 år.

    Det var fiske og sjøen han dreiv med i ungdomsåra. Ogso ein tur på Islandsfiske under forrige krig og kystskippar-eksamen i Bergen.

    I [1923] gjekk turen til USA. Der vart det ymse arbeid fram til 1931 då han tok ein snartur heim. Sidan vart det sjøen der og, og han tok sin styrmann- og skipsførar-eksamen der burte.

    Under siste verdskrig var det for det meste i Nordatlanteren mellom USA og England han reise. Dei siste krigsåra som førar av M/S "John Hay". [...] For sin krigsinnsats i den amerikanske handelsflåten er Lorentz Skorpen tildelt fem påskyningar frå den amerikanske stat.

    I 1946 bar det so heimatt til Noreg etter mange år utalands. Han bygde seg hus i Hesteneset og fekk arbeid på Ankerløkken til han passerte dei 70.

    Idag er Lorentz Skorpen enkjemann og han nyter sitt otium på Flora Aldersheim, der han trivst svært godt og har det bra på alle måtar, etter som han sjølv seier. Sjølvsagt er han ikkje so rask på foten som før, men elles er han vital som få på hans alder".

    Firda Folkeblad, 29. september 1980:

    "Lorentz Skorpen døydde den 19. september. Han var ein velkjend mann her i byen, til dels også i distriktet elles, endå det var i Amerika han fekk mykje av arbeidsdagen sin. Lorentz var fødd på Skorpa 21. juni 1894 og vart altså 86 år.

    Dei vart ein stor syskenflokk, og han måtte tidleg ut i arbeid, var mellom anna på fiske og i arbeid hos Fylkesbaatane.

    Det var i 1923 at Lorentz Skorpen reiste til Amerika. Der borte hadde han ymse arbeid i land, men var elles sjømann, - han reiste så leis lenge som tømmermann.

    I 1931 kom han heim, men reiste over havet att alt i mai 1932. Då hadde det vorte vanskelege tider også i Amerika, og det var eigentleg meininga at han ville kome heim for godt i 1935. Men så vart han alvorleg sjuk og fekk sjukehusopphald. Det var noko som røynde på også økonomisk i USA i den tida. Men Skorpen let seg ikkje knekke. Då han kom seg over sjukdomen, gav han seg for fullt i gang med skuleutdaning, endå så hardt dette er i framandt land. Han tok dei ymse skular og kurs som kravdest for å verta skipsførar og hadde til slutt sin skippareksamen.

    Lorentz Skorpen vart tilsett i War Shipping Administration og tenestgjorde så å sei på alle hav under krigen. Lenge var captain Skorpen master på S/S "John Hay", eitt av dei Liberty-skipa som gjekk i troppetransport. Han var med på invasjonen i Frankrik, og han hadde teke godt vare på apellen som general Dwight Eisenhower sende til krigsstyrkane sine framfor denne veldige oppgåva. - Dei visste kva dei gjekk til. "Your task will not be an easy one," hadde generalen sagt, og det fekk dei sanneleg røyne.

    Skorpen vart utsett for 2 torpederingar under krigen. Eine gongen låg dei 12 timar i sjøen. Men det var sjeldan du fekk Lorentz til å snakke noko særleg om krigsopplevingane.

    Frå 1946 var Lorentz Skorpen busett her heime. I mange år arbeidde han som vaktmann på Ankerløkken.

    Han var ein høgreist mann, grei og rettskaffen. For nokre år sidan melde det seg alvorlege helseproblem, og dette sette sine merke. Men det tok si tid å bryte ned denne kraftkaren, og han var å sjå i gata inntil for fåe veker sidan. No vert han sakna."

    Ellis Island Foundation - Passenger Search:

    Ankom New York, USA, med D/S Stavangerfjord (passasjer) 10. juli 1923. Ankom New York med D/S Bergensfjord (passasjer) 6. juni 1932.

    Nasjonalitet til Skorpen 1943-1945: USA.

    Mønstret på Abel Stearns i juni eller juli 1943.

    Sources

    Ellis Island Foundation - Passenger Search

    Firda Folkeblad, 21. juni 1979

    Firda Folkeblad, 29. september 1980

    Bergens Tidende, 20. mai 1974

    Publikumshenvendelse til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter