Englandsfarten 1940-1945

I artikkelen er det fokus på flyktningetransporten. Eksportvirksomheten ble organisert av et lite antall grupper i Ålesund og Bergens-området og hadde sin glanstid i de to første okkupasjonsårene.

. Copyright: RA/PA-1209/U/Uj/L0219f

"Flyktninger under krigen"
Copyright: RA/PA-1209/U/Uj/L0219f

"Englandsfarten I, Alarm i Ålesund". Ragnar Ulstein, 1965, s. 10, 18, 96, 168, 185-186, 263-264, 271:

Englandsfarten var båttrafikken mellom nazi-okkuperte Norge og Storbritannia under 2. verdenskrig. Mange av de som dro over, var ikke sjøfolk men med annen bakgrunn. I 1940-1941 stod Storbritannia i lenger tid alene mot Nazi-tyskland, og mange ønsket å bidra i kampen mot hakekorset. "Englandsfeberen" spredte seg, og mange av de som dro over var unge mennesker. Frykten for å bli tatt inn i Arbeidstjenesten bidro også til Englandsfarten. Flyktningtrafikken startet allerede våren 1940, fremdeles mens kampene pågikk i Nord-Norge. Det var en flere mindre grupper i Ålesunds- og Bergensområdet som organiserte trafikken. Den var mest aktiv de to første krigsårene.

Ålesundsområdet:

"Sommaren 1940 hadde vore lettare [enn 1941]. Då var ikkje fiendens båtar og fly komme retteleg på plass. Vakttenesta på land og sjø var meir bygd opp for krig enn for okkupasjon. Gestapo var heller ikkje på plass. Framom alt, det hadde ikkje fått organisert sin flokk av norske hjelpesmenn, den som skulle gjere det muleg å gjennomføre okkupasjonen. Men våren 1941 var denne tenesta organisert. Frå nå av, og så lenge krigen varte, spela nordmenn hovudrollene på begge sider, begge usynlege til dagleg, angivaren og motstandsmannen eller -kvinna". Mai 1941 nærma "den lyse årstiden seg snøgt, og ein måtte rekne med minkande trafikk, så godt den tyske vakttenesta var bygd ut. Lyset var blitt ein farleg fiende på det store Norskehavet".

"Fra seinhaustes og utover til våren 1941 hadde det nå vore jamn kontakt mellom Ålesund og Oslo. Gruppe etter gruppe av sivile og militære var reist nordover. Dei hadde seinare blanda seg med ungdom frå Mørekysten og baksa i veg vest gjennom havet". "Det gjaldt å få ei rute for folk som måtte bort [fra Oslo-området], og for nøkkelmenn og offiserar som regjeringa kunne trenge til å byggje opp att norske styrkar på britisk grunn".

"Hausten 1941 er det ein liten skog av folk som steller med englandsfart på ein eller annan måte. Det gjeld både byen og bygdene, kanskje særleg Vigra, der dei på slutten av året fekk store vanskar med å finne høvelege båtar. Elles var det nå og reist så mange vigringar at det kjendest stussleg for ungdomen å gå att på øya".

"Fram under jul 1941 ser det ut til at englandstrafikken har kulminert på Mørekysten. Det gjeld særleg den trafikken som vart organisert av dei som drog, ein trafikk som hadde børja av seg sjølv på mange stader om lag på same tid våren 1940, og som nå døydde bort av seg sjølv. Den organiserte trafikken hadde vore i full gang til midt i november. Men etter den tid hadde det vore stilt.

Grunnane til dette kunne vere mange. Det var for det første den ting at nordmenn flest var sikre på at det  snart vart invasjon i Norge. Og nå leid det snart så langt at det var for seint å utdane seg til soldat, flygar eller gast. Slik tok si tid, jamvel i krig. Då fekk ein heller prøve å gjere eitkvart på heimefronten. Så var det nå og blitt langt vanskelegare å kome seg frå land utan å bli oppdaga, og der var alltid den fortærende faren for represalier. Endeleg var det ikkje så mange høvelege farkostar att velje mellom, og til sjuande og sist var dei mest hissige allerede dregne. At englandstrafikken var på retur så tidleg som i november 1941, såg ein best på Shetland, der dei fleste båtane søkte hamn. På norskekysten visste ein ikkje så mykje om den ting. Dei hadde for lite utsyn, der dei stod i sine illegale celler, og det skulle gå vere, kvar og ein hadde nok å svare for likevel, om det skulle gå gale. Men gruppene i Ålesund [var] ennå i aktivitet. [Men av fem grupper er tre øydelagde på kort tid, og medlemene er anten døde eller sit i konsentrasjonsleirer]".

Den siste store flyktningtransporten med fiskeskøyter fant sted i februar 1942. Etter dette opphørte i all hovedsak den sivile flyktningtrafikken over Nordsjøen.

16. mars 1942 dro båten FRØYA over til Shetland. "Dette vart den siste englandsbåten frå [Ålesund-distriktet] i 1942, så var englandsfarten slutt. Spreidde flokkar for heretter og, men det var ingen straum lenger. TIl saman var vel tusen menneske dregne ut frå Mørekysten sia 1. mai 1940. Det hadde salte vore mulig å få mange fleire unge frå dette og andre distrikt ut i krigsteneste. Den norske kysten gav rikeleg høve til å organisere nye ruter når dei gamle vart øydelagde av infiltrasjon og forræderi. Det skjedde og, men ikkje i nemnande omfang, og aldri etter offisielt initiativ. Englandsfarten var - frå starten og så lenge krigen varte - ein privat organisert freistnad på å fylle rekkjene ute, endå ingen bad om det. Fienden var likevel lenge etter 1942 svært interessert i englandstrafikken".

I Møre-sektoren fra Stad til Steinshamn, dro "om lag 1300 menneske over denne delen av kysten vestover. Om lag 1200 kom fram om bord i nærare hundre farkostar, dei største på eit par hundre tonn, den minste på 21 fot". "Der var fem eksportgrupper på Sunnmøre i perioden september 1940 til årsskiftet 1942-43. Alle vart til slutt sprengde, og mange av medlemene kom i konsentrasjonsleir".

"Englandsfarten II, Søkelys mot Bergen". Ragnar Ulstein, 1967, s. 109-111, 145-146, 178, 270, 287-289:

Bergensområdet:

"Våren 1941 er tre store militære grupper djupt inne i illegalt arbeid på Bergenshalvøya. [...] Troen på en britisk invasjon sommeren eller høsten 1940 var sterk også i Bergen, og gruppene dreiv hardt på. Etterretningsfolka sende ein flaum av informasjonar om fienden vestover, milorg skaut knoppar vidt utover, propagandagruppene spreidde aviser og flygeblad i stendig større ringar, og gjorde det stundom så ope at dei måtte vere utlendingar dei som ikkje forstod kva som gjekk føre seg. Men korkje aktiviteten i milorg, på avis- eller etterretningsfronten førte Gestapo inn på scenen før i slutten av året 1940. Då fann eller fekk dei eit spor, og det førte til og frå Shetland. Dei hadde fått snusen i englandsfarten, den farlegaste av all illegal aktivitet på vestkysten".

"Eigenleg hadde englandsfarten vore ei bisak for gruppene i Bergen - og bortsett frå Langøyas turar med "Traust" og "Stjernen" var det ikkje organisert trafikk vestover frå Bergenskanten første krigsåret. Mesteparten av informasjonanen som vart sende, gjekk austover til Oslo og derifrå til London, anten over radio eller via Stockholm. [...] Ein kan heller ikkje tale om nemnande organisert eksport frå Bergen første halvår av 1941. I denne perioden voks dei illegale organisasjonane sterkt".

"Tretten båtar hadde gått ut frå land i den lyse juli [1941]. 45 drog i august, 43 i september. Vel tusen menneske var komne i land på hi sida, 43 låg att i Nordsjøen, 12 var tekne av fienden, ein mann drepen under flyåtak.

"Leiren i Lerwick, som fekk største innrykket, var overfylt. På Patriotic School i London, som rømlingar frå alle verda måtte igjennom, var det ei tid fleire nordmenn enn alle andre nasjonalitetar til saman. I det norske sjømannssenteret, County Hotel, kunne ein kvar dag møte nordmenn med ferske inntrykk heimafrå".

"Den hausten [1941] kom den andre og siste bølgja i englandsfarten. Dne første kom på forsommaren 1940. [...] Dei sette ut over smult hav, gjennom brot og brann, på gode og elendige farkostar. [...] Snekker, gavlbåtar, skøyter og kutterar kom inn etter som det slumpa, til Shetland, Orknøyane, Skottland og Island".

"Dei kom ifrå sør og nord og mest ifrå vest, frå Austevoll, Tælavåg, Bremnes, Bergen, Masfjorden, Fjell, Egersund, Hellesøy, Fauskanger, Solund, Brulandet, Obrestad, Bremanger, Askøy, Rong, Manger og mange fleire uthamner, så langt som vestkysten går. Den nybygde Festung Norwegen hindra dei ikkje. Trafikken i august, september og oktober 1941 prova at mange tusen vaktstasjonar, hundretals vaktbåtar, patruljefly og angivarar ikkje hadde kontroll på norskekysten. Nordmennene kunne reise om dei ville. Det var farleg, men ikkje verre enn ved fronten, dit så mange ønskte seg".

"Båra mot vest hadde ebba ut [i 1942]. Vel tre og eit halvt tusen var komne i teneste på andre sida av havet, og mange var dregne inn i illegal teneste på denne sida som ei følgje av englandsfarten. Ikkje så få motstandsfolk - blant annet i Bremnes, i Tælavåg, på Bulandet, Skorpa og Vigra - heldt fram på same post, men nå tok dei imot soldatar som kom inn med båt vestafrå, og sende ofte rømlingar i retur".

Oppsummering:

"Det var om lag 3300 menneske som på knapt 300 sivile farkostar kom til alliert hamn over Nordsjøen under okkupasjonen. [...] ca. 300 englandsfararar var kvinner som for det meste gjekk inn i sanitets- og kontorteneste [...]. Om lag 350 menneske vart henta av krigsfarty frå Shetland, dei fleste etter at englandsfarten hadde teke slutt. Englandsfarten hadde særleg gått ut frå Vestlandskysten og hadde hatt størst omfang mellom Molde i nord og Haugesund i sør. Båtane frå denne luten av Vestlandet sette helst kursen mot Shetland, som låg nærast. Lenger nord kursa dei oftast på Island, lenger sør, frå Sør-Rogaland og Sørlandskysten, kursa dei mot Skottland.

Vi veit om at seksten båtar med i alt 137 menneske totalforliste på overfarten. Bortsett frå eit par båtar som truleg vart bomba eller skotne i kav, gjekk dei truleg ned i uver. [...] sju båtar med 68 menneske om bord vart tekne av fienden".

"Englandsfarten - stundom samanblanda med annan illegal aktivitet - ser ut til å ha kosta 308 menneske livet, eller nære på 10 prosent av dei som kom i hamn på alliert side".

Englandsfarten må også ses i relasjon med svensketrafikken, som foregikk under hele okkupasjonen. Alle som var involvert i flyktningetransport, risikerte dødsstraff ved eventuell avsløring.